– Det er mange som har spurt oss om det blir revy i år og det blir det. Det seier Per Arntzen og Stein Arne Fossheim. Dei er to sentrale aktørar i den tradisjonelle Sandvinrevyen. I fjor vart revyen flytta til februar, men er i år tilbake på rett plass i kalenderen, 3. til 5. november. Tittelen på årets revy er ”Ein kveld på kafeen”.