HAR KIKKA KOMMUNEN I KORTA: Seniorforskar og statsvitar ved Telemarksforsking, Audun Thorstensen, har vurdert kommunen sin ressursbruk innan helsesektoren. Tysdag la han fram rapporten sin på kommunehuset.
Øystein Akselberg
– Det går rette vegen for pleie og omsorg i Midt-Telemark
Telemarksforsking ser ei positiv utvikling det siste året når det gjeld ressursbruken innan pleie og omsorg i Midt-Telemark kommune.
Utval for helse og velferd fekk tysdag lagt fram ein rapport med nøkkeltal for helse og omsorg i Midt-Telemark kommune. Det var seniorforskar og statsvitar Audun Thorstensen, Telemarksforsking, som la fram rapporten.