SAMRØYSTES VEDTAK: PTN-utvalet var samrøytes i å gje utsettting av buplikt på Haugen gard i sitt møte tysdag.
Øystein Akselberg
Dette meinte politikarane om buplikt på garden Haugen
Kommunen sin administrasjon rådde til at eigar av garden Haugen på Vreimsida skulle busetje seg der innan utgangen av 2023. PTN-utvalet gav utsetting av buplikta.
Kjell Øystein Haugen overtok eigedomen Haugen på Vreimsida konsesjonsfritt frå sine foreldre i 2018. Landbrukskontoret ved Dag Gjermund Roheim viste til at gjeldande reglar er at eigar må busetje seg på eigedomen innan eitt år.