Dette seier kommunedirektøren om flyktningvedtaket
Kommunedirektør Per Dehli kjem med ei påminning om det verbale vedtaket som kommunestyret har gjort om mottak av flyktningar.
Kommunestyret vedtok i budsjettmøtet 9. desember at Midt-Telemark kommune skal seie nei til å ta imot fleire flyktningar på grunn av den økonomiske situasjonen ein er i.
I eit intervju med Bø blad seier Tone Sissel Kise, einingsleiar for Senter for kvalifisering og integrering (SKI), som tek imot flyktningane, at ein ikkje vil spare pengar på dette. Ho seier også at det ikkje er muleg å ta imot flyktningar som kjem i samband med familiegjenforeining når ein har gjort eit slikt vedtak.
Vil informere Imdi
No har kommunedirektør Per Dehli sendt ut ei pressemelding der han gjentek den verbale delen av vedtaket og forklarar korleis han oppfattar vedtaket og prosessen.
Dette er det verbale vedtaket som kommunestyret gjorde i tillegg til nullvedtaket:
«Me meiner at kommunen har eit moralsk ansvar for å ta imot flyktningar. Derfor har kommunestyret sett positivt på å ta imot eit stort tal flyktningar dei siste åra. I noverande økonomiske situasjon ser vi oss ikkje i stand til både å ta imot fleire og følgje opp dei vi allereie har tatt imot. Me håpar likevel at økonomien vår og statlege rammevilkår i framtida betre vil setje oss i stand til å hjelpe menneske i nød. Midt-Telemark kommune vil følgje eksisterande praksis og framleis ta imot flyktningar, så vel som personar med rett til kollektiv beskyttelse, som allereie har nære familiære band i kommunen.»
Dehli skriv i pressemeldinga at ein i svaret Imdi vil informere om at ein kan ta imot flyktningar med nære familieband i kommunen.
Opnar for familiegjenforeining
– Kommunen opnar med dette vedtaket for «familiegjenforeining», og at Imdi kan be kommunen ta imot flyktningar med nære familieband i kommunen, skriv Dehli.
– Så er det opp til Imdi om dei vil bruke den mulegheita til familiegjenforeining, seier Dehli til Bø blad.
Han seier også at ein ikkje treng å ta opp spørsmålet frå Imdi som busetting som eiga sak. Vedtaket i kommunestyret i budsjettsaka held.
Imdi har bed Midt-Telemark kommune ta imot 45 flyktningar neste år. Kise meiner det spørsmålet må svarast ut i eit kommunestyrevedtak i februar. Dette er altså Dehli ikkje einig i.