Mindretalet ville frifinne:
Dømd til fengsel for kroppsskade
Ein mann i 40 åra er dømd til fengsel for å ha skada ein annan mann. Den tiltalte meinte det handla om naudverje. Retten meinte han hadde gått for langt.
Den tiltalte gjekk til angrep på fornærma med eit stålrør i Bø sentrum i fjor. Den fornærma måtte sy eit kutt i leggen etterpå.