TREFF PÅ BRYGGA: På brygga ved Kolahuset på Nordagutu har Redd Barna Sauherad fleire gonger hatt treff med mat og hyggeleg samvær for fastbuande og flyktningar. F.v. Kristine Haldorsen, Samira El-Hajj og Gunhild Kleven Ripegutu.
Gro B. Røiland
Drivkrafta er at alle barn skal ha det bra. Nå vil dei ha fleire med på laget
Redd Barna Sauherad slit med rekruttering, men gir seg ikkje. – Eg føler at me framleis har ei viktig oppgåve, seier Gunhild Kleven Ripegutu. Laurdag er ho på Bø torg for å verve nye frivillige.
Drivkrafta er eit sterkt ønskje om at alle barn skal ha det bra. Slik har det vore sidan lokallaget av Redd Barna blei etablert i Sauherad i 1979.