PÅ STORTINGET: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland og stortingsrepresentant for Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik.
Privat
Dro til Stortinget for å snakke tog: – Må vise kva det handlar om
Ordføraren i Midt-Telemark vil leggje trykk på togsaka. I dag møtte ho partifeller på Stortinget.
– Senterpartiet ønskjer meir politisk kontroll over jernbanen. Stortingsrepresentantar frå mitt eige parti, som eg fekk møte på Stortinget i dag, lovar at dei vil jobbe hardt for å betre tilbodet på Sørlandsbanen, og om muleg få tilbake dei stoppa me har mista. Dei ser at togtilbodet er svært verdifullt både for by og bygd, seier ordførar i Midt-Telemark, Siri Blichfeldt Dyrland, etter stortingsmøtet om tog som ho gjennomførte tysdag.