D
Dyrare feiing i Midt-Telemark
Kommunesamanslåing og grensejustering ved Hjuksebø får utslag for kommuneøkonomien, og i dette tilfellet også vanlege folk sin privatøkonomi. No blir feiinga dyrare.
Feietenesta i Midt-Telemark Brann og redning (MTBR) har auka nettoutgifter med seks prosent i høve i fjor. Årsaka til auken er ein konsekvens av at ein «mister» piper i Hjuksebø-området som følgje av kommunegrensejusteringa. Det er også auka leigekostnader for feiarane på ny brannstasjon i Ulefoss.