BORTEBUAR: Rune Lie (51).
Privat
– Eg hugsar det gode utelivet i Bø på 1990-talet, med The Roots, Grillen og Kroa
– Me bur idyllisk til med stor hage, frittgåande høner, kaniner og katt, seier bortebuar Rune Lie (51) til Bø blad.
Når flytta du frå Midt-Telemark, og kva har du gjort sidan?
– Eg flytta til Oslo sommaren 1993 for å jobbe for eit kinoteknisk selskap. Eg budde i Oslo i tre år, og flytta deretter til Bergen for å studere tre år på BI. Mens eg studerte fekk eg tilbod om å jobbe som teknisk sjef på Bergen Kino, som eg heldt på med i fem år. Deretter jobba eg i fem år for eit kinoteknisk selskap att, før me starta opp vårt eige selskap i 2010, SåBra AS. Parallelt med dette har det i alle år blitt drive med eigedomsutvikling i form av ombygging og oppussing av bueiningar i Bergen og nå Askøy.