MEINING: Augon Eika
Bø blad, arkiv
– Eg ser ikkje at nokon tek ansvar for at kommunens økonomi er i krise
– Når tid kjem valkampen til å starte, tru…? Vel, med denne inngangen på innlegget kan ein fort bli tolka til å provosere i meste laget. For mange av oss har da registrert at dei partia, eller personane, som har grep på ordførarklubba i dag, eller som ønsker å få det, har vore på banen i fleire veker alt. Både på individuelle eller felles stands, og aktive så det held på Facebook eller i andre kanalar. Og da dreiar ofte «kulepunkta» i partiprogramma seg om at alle vil det beste for sektorane oppvekst og helse, eldreomsorg, (litt) samferdsel og sentrum, vertskommunen for USN og miljø, naturvern og jordvern. Enkelte er òg så vidt innom ein berekraftig og sunn kommuneøkonomi. Og der er hovudpunktet mitt: Så langt er det ingen, slik eg har registrert, som tek på seg ansvaret for at kommuneøkonomien er i det uføret den er, og like lite kjem med forslag om korleis ein skal komme ut av den svært krevjande situasjonen. Det kan nesten sjå ut som at mange av dei med posisjon tenker at det er like greitt at ROBEK er neste.