Ein hobby er kjekt å ha – for Lloyd handlar det om øl
Når Lloyd Gaarder vil ha noko å leske seg med, tappar han seg litt øl, bryggja i kjellaren heime på Nordagutu .
Lloyd Gaarder hadde i fleire år lura på om han skulle prøve seg som ølbryggjar. Det som tende idéen skikkeleg, var lanseringa av Nøgne Ø i butikkane. For ni år sidan gjekk han sjølv i gang, etter å ha lese seg opp på kva som må gjerast.