BRANN OG STRAUMBROT: Ein korntreskar i området ved Staurheim langs Lundevegen og jernbanelinja i dag.
Foto: Øystein Akselberg
Ein skurtreskar førte til både brannutrykking og straumbrot
Ein skurtreskar førte i 14-tida i dag til både straumutfall og ein liten brann på ein kornåker. Det skjedde ved Staurheim i Bø.
Klokka 14.02 i dag meldte nettselskapet Føre at 754 kundar mista straumen i Bø. Områda vest for Bø sentrum blei berørt, både langs Lundevegen og vestover med Forberg og Øvre Bø.