Eirik (34) er ny, men garden har lange tradisjonar
På Holmen gard har Eirik Idland Knatterud (34) teke over. No har gardsfolket og den sjeldne Rygjasauen fått selskap av ein stor bøling skotsk høglandsfe på Langkåshaugen.
Garden som ligg fint og sentralt til har lange tradisjonar, og ein trur det har vore gardsdrift på plassen sidan før vikingtida. Holmen gard har også hatt status som prestegard, og ligg like inntil den gamle hovudbygningen til prestegarden. I dag er Bø prestegard bare hus som er eigd av ei stifting.