KJØPTE: Tor Gunnar Brennekåsa og Eline Møllerbråten kjøpte flott hus med tomt i Lifjell-bakkane privat av Olav Raukleiv.
Anna Bugge
Eline og Tor Gunnar kjøpte draumeplassen – der har dei fiksa alt sjølv
I februar 2021 overtok Eline Møllerbråten (28) og Tor Gunnar Brennekåsa (29) Lifjellvegen 220. Sidan da har paret arbeidd mange timar for å skape draumestaden.
For to år sidan budde Eline og Tor Gunnar saman i tomannsbustad i Grivibakken. Etter nokre år der var dei lei av å bu i eit bustadfelt. Begge har vakse opp i Midt-Telemark på nokså landlege plassar og søkte etter ein stad kor dei kunne vere for seg sjølve. I starten av Lifjell-bakkane fant dei draumeplassen.