BØR BRUKAST: Vigsling er eit verkemiddel som bør brukast i kampen mot utbygging, meiner prest Ellen Hageman.
Marta Kjøllesdal
Ellen har vigsla skog før, no ber ho prosten om å vigsle Lifjell
Ellen Hageman har nettopp vigsla ein skog i Fredrikstad for å stoppe utbygging av ein stor næringspark. No vil teologen på Gvarv at kyrkja gjer det same på Lifjell.
Ellen Hageman, prest frå Gvarv, har tidlegare delteke i fleire aksjonar som miljøbevegelsen Extinction Rebellion har arrangert. Blant anna har ho aksjonert under ein barnedåp i Skien kirke og lenka seg fast for å stoppe leveransar av flybensin til Gardermoen.