VÊRFENOMEN: Desse vakre skyene dukka opp på himmelen første juledag.
Bjørnar Nesje
Fekk du med deg dette vêrfenomenet?
I dag kunne ein sjå nokre heilt spesielle skyer over Midt-Telermark.
Første gong dei blei omtalt var på slutten av 1800-talet, ifølgje Store norske leksikon. Det var dåverandre styrar av Metorologisk institutt, Henrik Mohn, som sa noko om perlemorskyer. Dei er ein type lysande, ofte linseforma, skyer som vanlegvis opptrer i stratosfæren på vinterstid.