VED BÅLET: Tor Sisjord og Halldis Bergland tek ein rast ved bålpanna på Museum saman med Olav Finstad.
Gro B. Røiland, arkivfoto
Ferske tal: Bålet skaper fellesskap og senkar stress
Bål er meir enn bare varme og kos. Det er òg ein måte å kople av frå kvardagen og byggje fellesskap på. Det viser ei ny Ipsos-undersøking gjennomført for Norsk Friluftsliv.
Sju av ti opplever at å samle seg rundt eit bål skaper ei kjensle av fellesskap. Det er særleg mange unge mellom 18 og 29 år som meiner dette, med 50 prosent som er heilt einige og 28 prosent som er delvis einige. I tillegg svarer 63 prosent av dei spurde at det å sitje rundt eit bål hjelper dei med å koble av frå kvardagsstresset, ifølgje ei melding frå Norsk Friluftsliv.