SOUL CHILDREN: Bak f.v.: Henriette Hagen Pilodden, Malene Holte, Mari Haukvik Sauar, Josefine Ask, Ingelin Ytreland, Iver Ytreland, Tone Margrethe Severinsen, Marlene Haugen Ekli og Linnea Gravklev. Framme f. v.: Mona Adina Svendsen, Gunhild Elisabeth Moen Steinsvåg, Minda Brynsholmen, Anna Nikoline Skjelfoss Groven, Anne Haukvik Sauar, Jenny Nicoline Yksnøy Sauar ogEriona Sejdiu.
Gro B. Røiland
Fjerde romjulskonsert på rad – i år blir denne gjengen med
For fjerde romjul på rad inviterer Johanne Møllerbråten og Sindre Bakkåker til romjulskonsert i Bø kyrkje. I år har dei fått med seg ein flott gjeng unge songarar.
Det starta i koronatida, da lite eller ingen ting skjedde for folk i musikkbransjen. Musikarane og venene Johanne Møllerbråten frå Gvarv og Sindre Bakkåker frå Bø sat nedstengd i Oslo og spekulerte på kva dei kunne finne på.