VIKTIG POENG: – Ved å vere førebudd hjelper du til slik at dei som treng det mest får hjelp først i ei eventuell krise, påpeikar Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB.
DSB
– Fleire er klar over kva ein no bør ha i beredskap heime
Fleire veit at me alle bør ha litt på lager. Det viser ei undersøking DSB har gjort. Ein trur krigen i Ukraina har gjort nokon med oss.
– Me trur krigen i Ukraina og den spente sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa har gjort eigenberedskap meir aktuelt for endå fleire.