Flytter viktig dagavdeling, men Midt-Telemark er ikkje informert
Sykehuset Telemark vil flytte dagavdelinga ved Seljord distriktspsykiatrisk senter (DPS) til Notodden. Det skal skje før sommaren, men i Midt-Telemark har ein ikkje fått informasjon.
– I heile området, både øvre og nedre, har distriktspsykiatrisk senter (DPS) slite med å rekruttere fagfolk. Spesielt psykologar og legespesialistar. Me har måtta leige inn mange frå vikarbyrå. Det er kostbart og ikkje berekraftig, seier Kjetil Christensen, klinikksjef for psykisk helsevern og rusbehandling ved Sykehuset Telemark.