BEKYMRA: Sverre Jacobsen er kulturskulelærar og tillitsvalt for fagforeininga Creo. Han er bekymra for at flytting av bibliotek og med det ombygging av Gullbring kulturanlegg vil gjera undervisningssituasjonen vanskeleg.
Gro B. Røiland
Flytting av bibliotek vil råke kulturskulen: – Kabalen går ikkje opp
Flytting av biblioteket vil råke tilsette og elevar i Midt-Telemark kulturskule. – Me vil ikkje få kabalen til å gå opp, seier Sverre Jacobsen.
Kulturskulelærar Sverre Jacobsen er tillitsvalt i kommunen for fagforeininga Creo, som er Noregs største kunstnarorganisasjon. Av dei i alt 20 lærarane som er tilsette i kulturskulen i Midt-Telemark, er halvparten medlemmer i Creo.