FLAUM: Ved utløpet til Gvarvelva i Norsjø såg det slik ut dagen etter at flaumen råka Midt-Telemark.
Erle Nesje
– Folk i båt på Norsjø må vere på vakt
Flaumen i Midt-Telemark sist veke har ført til store skadar og mykje vrakgods som flyt rundt på Norsjø. Kommunen ber nå folk i båt om å vere forsiktige.
Dei enorme vassmassane som fossa nedover elvene måndag i førre veke har ført til store materielle skadar. Blant anna tok vatnet med seg store tre på ferda si. Stokkane og anna vrakgods har nådd Norsjø, og nå ber kommunen alle som ferdast på vatnvegen om å vere forsiktige når dei er ute i båt.