VINNAREN: Marlene Haugen Ekli laga dette flotte peparkakehuset saman med Karianne Dyrud Haugland og Matilde Dyrud Haugland.
Unni Buverud
Folk trassa regnet for julegrantenning og peparkakehus
Vêrgudane viste seg frå vrangsida, men folk trassa regnet. Både i Bø og på Gvarv strøymde folk til for å bli med på tenning av juletreet.
Det blei ein stemningsfull start på adventstida, sjølv om det var vått. Barn og vaksne såg ut til kose seg da det var julegrantenning, og det låg litt forventning i lufta.