AKKERHAUGEN PANORAMA: Det gamle kommunehuset på Akkerhaugen får full «makeover» med heilt nye fasadar, dører og vindauge, og eit tilbaketrekt nybygg på taket.
Norsjø Arkitekter/ 3DHuset, illustrasjon
Frå kommunehus til leilegheitsbygg – slik er planane
Familien Mæland har no planane klare for utvikling av det gamle kommunehuset på Akkerhaugen.
I august i fjor presenterte far og son, Gunnar og Svein Gunnar Mæland, kjøpet av eigedomen Idunsvoll 3 på Akkerhaugen. Eigedomen der det tidlegare kommunehuset i Sauherad står, fekk Mæland for ein pris på 3,1 millionar kroner.