25 ÅR SIDAN: Frå venstre: Finn Rønning ved Bø bygdemuseum, kulturstudentaneGrethe Berentzen og Kristin Molander og Hallgrim Høydalfrå museumstenesta i Aust-Telemark.
Arkiv, Bø blad
«Frå krambu til varehus»: Historia om handelen i Bø
Bygdemuseet med museumstyrar Finn Rønning er i gang med eit prosjekt som vil ta for seg den historiske utviklinga av handelen i bygda og samtidig lage ein dokumentasjon av samtida.
Arbeidstittelen til tiltaket er «Frå krambu til varehus», og er eit samarbeid med museumstenesta i Aust-Telemark ved Hallgrim Høydal. Kulturstudentane Grethe Berentzen og Kristin Molander få HiT, Bø, har praksisplass på Oterholt ein månad mens arbeidet pågår.