UNG HEIAGJENG: I barnehagen Læringsverkstedet på Gvarv har Anne Fagermo ein fin heiagjeng. Her har ho med seg tre av sine største fans, f.v Astrid Marie Høibø (3), Nicklas Lindheim (4) og Ida Hellekås (3).
Øystein Akselberg
Fredag er det TV2-sjåarane som avgjer. Da er det tre som skal heie litt ekstra
Anne Fagermo har sunge seg igjennom tre rundar i årets TV2-sendte The Voice-konkurranse. Fredag kan du som publikum vere med på å sende Anne vidare frå livesendinga.
Midt-Telemark kommune har fått vår eiga The Voice-stjerne i Anne Fagermo (24) frå Akkerhaugen. Jenta som har blitt kjent for å lage eigen musikk jobbar også i Læringsverkstedet Gvarv barnehage.