NYTT OM ØKONOMI: Høgrefolka Jan Nikolai Boye (t.v.) og Asbjørn Botnen studerer informasjonen på skjerm. Bak står kommunedirektør Per Dehli på talarstolen. Heilt til høgre ser ein Frode Lieungh også.
Øystein Akselberg
Frustrasjon i kommunestyret over budsjettsmell: – Treng me eigentleg politikarar?
Ein av veteranane i lokalpolitikken gjekk måndag på talarstolen i kommunetyret og var kraftig frustrert over den evige runddansen med dårlig kommuneøkonomi.
Midt-Telemark kommunestyre var samla til første møte i haustsemesteret måndag kveld. To av dei sentrale sakene handla om pengar, eller meir om mangel på sådan. Og ikkje småpengar, men millionar av kroner.