Har rydda historisk plass:
Gårahaug blir ein del av vikingvegen
Den historiske kyrkjeplassen på Gårahaug i Bø blir rydda fram i ljoset, som del av prosjektet vikingvegen frå Borre til Hardangervidda.
Utgangspunktet for ryddinga rundt Gårahaug er eit vedtak i Vestfold og Telemark fylkeskommune om ei kultursatsing med fem fyrtårn, der vikingtid og middelalder er eitt av dei. Ut av dette har idéen om ein vikingveg frå Borre i Vestfold til Hardangervidda i Telemark vakse fram, med Gårahaug som eit av kulturlandskapa.