FANN GULL: Jorunn Aasmundsen, med Emilie og Mathias, fann gull i fleire fargar då dei var med på sopptur med Per Marstad i regi av Midt-Telemark sopp- og nyttevekstforening. Familien Aasmundsen fann ei heil korg med gul og svart trompetsopp pluss traktkantarell. Sopp­nestor Marstad snakka mest om kremler og risker, men hjelpte folk med å sjekke all slags sopp. FOTO: Marta Kjøllesdal
SLÅTTONNA 1935: Under slåttonna slår og klargjer ein graset til vinterfôr. I tidlegare tider vart graset slege, tørka og køyrt inn over eit lengre tidsrom. I dag er det vanlegare å samle slått gras i silo eller rundballar. I gamle dagar vart graset slege med ljå og tørka på marka, eller hesja. Å slå var tungt og tidkrevjande arbeid, men som dette biletet her syner, hadde arbeidet også ein sosial funksjon. Dette biletet er frå 1935 og er teke på jorda ved Suigard Nordbø. Ein skimtar kyrkja rett bak hesten. FOTO: Bø museum v/ Tom Arnesen
SYKLA OVER FJELLET: Ungdomstrinnet ved Sauar friskole sykla Rallarvegen frå 29. til 31. august. Her er heile gjengen framme i Flåm, der eit gigantisk crusieskip tronar i bakgrunnen. FOTO: Sauar friskole
OPNA HINDERLØYPE: Den fine hinderløypa på Nordagutu er nå offisielt opna. Passande nok var det fleire flotte ungar som fekk æra av å klyppe snora og stå for den høgtidlege opninga. Sentrale var også leiar og nestleiar i Nordagutu Vel, Anne Ripegutu og Inger Lise Vegheim. Anne orienterte om løypa, og frisklivskoordinator Svein Ivar Forberg møtte opp for å fortelje om viktigheita av aktivitet. Sindre Flø, kultur- og idrettskonsulent, fekk dessutan takk for innsatsen i prosjektet. FOTO: Privat
NATTARBEID: I samband med bygging av ny gang- og sykkelveg mellom Mannebru og Gvarv har det også blitt lagd ny asfalt på bilvegen på heile strekninga mellom Bø og Gvarv. På valdagen blei det lagt asfalt på siste stykket inn mot Bø sentrum. Her er asfaltgjengen i sving klokka 23.30. FOTO: Øystein Akselberg
EIN FRYD FOR AUGET. Fortsatt er det mange sommarblomster som står i full flor, som denne flotte georgina, til glede for både menneske og insekt. FOTO: Astrid Forberg
BESØK: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland tok med seg stortingsrepresentantane Åslaug Sem-Jacobsen (nr tre f.h.) og Marit Knutsdotter Strand (nr tre f.v.) til Sagavoll Folkehøgskole då dei var på besøk nyleg. Sagavoll har færre elevar i år og har nedbemanna. Representantar frå skulen kom med innspel som Strand vil ta med seg tilbake. Ho skal arbeide med ein ny NOU om folkehøgskular. FOTO: Privat
HAUST. Lifjell er flott året rundt, men ekstra vakkert er det når hausten fargar fjellet raudt, oransje og gult. FOTO: Gerd Skoland
FORKLARAR KJENNETEIKN:Bø turlag arrangerte sopptur i Breisås tidlegare i haust. Bjørn Steen forklarar korleis dei gode matsoppane ser ut og ikkje minst korleis dei giftige soppane ser ut. Etterpå plukka deletakarane sopp som Steen kontrollerte. FOTO: Arne W Hjeltnes
OPPSTART: Haustsesongen i pensjonistlaget i Sauherad blei livleg og underhaldande, med noko nytt å oppleve. Ekteparet Langmyr (bildet) er rutinerte entertainarar og fekk liv i eit tredvetals frammøtte på førre møte. Sekretæren orienterte elles om eit stort konsertprogram på aktivitetssenteret og om markeringa av «Den internasjonale eldredagen» siste fredag i september. FOTO: Thorleif Søreid
FIN HAUST: Ein lesar av Bø blad nyt livet på sykkelen og har sendt oss dette bildet frå Vreimsida i Bø: Nydelege fargar og fint ver den 8. september 2021. FOTO: Elin Josefsen
SEINHAUST I BLÅBÆRSKOGEN: Det har vore godt med blåbær og tyttebær i skogen i haust. Dei er gode i matauken, men òg vakre i seg sjølv. FOTO: Simon Jeppesen
SJEKKA FOLKELIVET: Sveinung Huset (90) og Margit Vestgarden (83) var på trilletur frå Bø sjukeheim med pleiarane Signe B. Flathus og Magne Li i det fine vêret då det var høsthagedag på Bø torg. – Det er så artig å komme ut og sjå på folkelivet i Bøgata og her på torget, sa bebuar Sveinung Huset, og la til at han var glad i å snakke med folk og hadde vore landpostbod på Gvarv i 50 år. – Me er vel litt rånarar me også, men me bråkar ikkje, sa Flathus med eit smil, før dei trilla vidare på sin tur. FOTO: Øystein Akselberg

Glimt frå september i Midt-Telemark

Her er nokre glimt frå det som skjedde i kvardagslivet til folk i Midt-Telemark i september.

Publisert Sist oppdatert

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS