VINTER OG VÅR: I år kunne ein lage snømann 1. mai og under snøen blomstra kvitveisen. Her er begge samla i eitt bilde. FOTO: Gerd Skoland
TID FOR BÅT: Sjølv om det var kjølig i veret, nærma sommaren og dermed båtsesongen seg for fullt. I månadsskiftet april/ mai var det tid for å sette ut båt på Norsjø, noko Per Simon Slettebø har sendt oss eit glimt av. FOTO: Per Simon Slettebø
OG DER KOM ISEN: Eit sikkert teikn på at sommaren nærmar seg, er når isbua kjem på plass på Bø torg. Den var open på Våmarknaden, med offisiell opning 13. mai. Også Thaimat-bua kom på plass og opna for sesongen. No kan du eta både lunsj, middag og dessert på Torget. FOTO: Unni Buverud
FEIRA 1. MAI: Midt-Telemark Arbeiderparti feira 1. mai i klubbhuset på Sandvoll med fullt hus, frukost, musikk og taler frå LO-sekretær Are Tomasgaard og næringsminister Jan Christian Vestre (bildet). På Bloms Løkke møtte også mange fram for å høyre leiar av LO i Øvre Telemark, Jon Halvor Svalbjørg, tale og Bjørn Arve Skjeslien framføre Ryntveitvisa. FOTO: Karin Hagen
SESONGAVSLUTNING. Her er gjengen frå Skarphedin telemarksgruppa på avslutning i «Sky­line» trampolinepark. Dette er gjengen som køyrer i bakken heile vinteren på telemarkski, ein "raudlista" art. Det er ikkje så mange igjen på nasjonalt nivå, men dei er mange i klubben. FOTO: Martin Ytreland
SESONGAVSLUTNING. Barneidretten i Skarphedin IL hadde si sesong­avslutning i Evjudalen. Studentgruppa som har vore med i år blei takka for flott innsats - utan dei ingen barneidrett, blei det sagt. Alle ungane fekk utdelt diplom - og is! FOTO: Privat
SENIORLEIKANE: I mai blei Senior Lekene 2023 arrangert på Furuheim bo- og aktivitetssenter, med alt frå rullatorløp og ringspel til kubb og stolfotball. Studentar frå Bachelor i idrettsvitskap ved USN Campus Bø, Ludvig Pernup, Kjell Olav Marthinsen og Mathias Roligheten, leia leikane, som blei ein dag fylt med latter, glede og meistring. Meisterskapet avslutta med premieutdeling og godsaker. Oddlaug Karlsen (f.v.), Asborg Dalen og Kjersti Hegna blei kåra til vinnarar av årets seniorleikar. FOTO: Privat
LOPPEMARKNAD PÅ FRIHEIM: Søndag 7. mai var det loppemarknad på Friheim. Folk tinga bord og tok med seg ting og tang som er til overs i heimen. I kjellaren var det mat og drikke å få. To av dei som var der for å selje var Margrete Gunnerud Kaasa (t.v.) og Eva Lill Dahl Haug. Eva Lill laga i tillegg armband på bestilling. FOTO: Marta Kjjøllesdal
RAPPORT FRÅ KÖLN: Det er vel vår og fagre tider også i Rhinlandet. Ein gjest frå Bø gledar seg over korleis dei i Köln lar blomane få bløme og ikkje er like ivrige på plenklyppinga. Ser ut til at alle gjer sitt i millionbyen for insektsumming og pollinering, både i private hagar og allmugens grøftekantar. Også det elles strigla parkanlegget i Friedenspark har flotte «rotebed». Kunne vi kanskje sett meir av i Midt-Telemark også? FOTO: Margit Ims
BESØKTE NISKO: Ein delegasjon frå Midt-Telemark, med Siri Blichfeldt Dyrland, Per Dehli, Hilde Pedersen, Inger Lysa, Pål Kleffelgård, Tora S. Årnes og Sindre Flø, besøkte nyleg samarbeidskommunen Nisko i Polen. På bildet er midt-telemark­ingane saman med tilsette i Nisko kommune. Dette var det andre av tre besøk, og tema nå var entreprenørskap og næringsutvikling. Om ikkje lenge kjem ein delegasjon frå Nisko på besøk hit. Les meir på boblad.no. FOTO: Privat
POPULÆR PLANTELOPPEMARKNAD: Bø og Sauherad Hagelag inviterte til planteloppemarknad på Bø torg laurdag 13. mai. Og det var ingen tvil om at dette er populært. Det var kø utanfor sperringa lenge før markanden opna. Nokon kom for å levere planter, andre hadde som mål å skaffe seg nokre planter for ein billig penge. Mange visste kva dei var ute etter, andre tok det meir på impuls. Både grønsakplanter og blomar gjekk unna. FOTO: Unni Buverud
LIFJELL 17. MAI: Beathe og Odd Hilmar Rødsvik frå Kragerø bestemte seg for å reise på hytta på Lifjell 17. mai, og å gå på ski hvis forholda tillet det. Dei kunne melde om ein fantastisk tur i fjellet. Dei trudde dei kom til å bli aleine, men der var det mange folk og glade menneske med norske flagg i sekken. FOTO: Privat
HJARTEVEKA 2023: Laurdag 13. mai arrangerte Nasjonalforeningen Oterholt helse­lag lynlotteri på Bøsenteret. Både bygdefolk og andre hjelpte til at lynlodda blei fort utselde. Overskotet av loddsalet går til hjarte- og karforskning i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Marianne Lillebø (på bildet) har kontroll over gevinstane. FOTO: Privat
PRIS: Runa Eid Hermansen (25) er tildelt Telemark Symfoniorkester (TSO) sin Talentpris for 2023. Prisen blir delt ut i samarbeid med Den Norske Handelsstands Understøttelsesfond. Runa spelar trombone og er for tida masterstudent på Norges Musikkhøgskole. Overrekkinga skjedde på TSO sin konsert i Ibsenhuset 17. mai, der Runa var solist med orkesteret. Solist var også ei anna bøjente, Sunniva Langås-Røiland på hardingfele. FOTO: Privat

Glimt og gløtt frå livet i Midt-Telemark i mai månad

Publisert Sist oppdatert

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS