STADIG FLEIRE: Aktiviteten på Norsjø Golfpark har auka under pandemien.
Øystein Akselberg (Arkivfoto)
Golfsporten voks under pandemien – nå brukar fleire folk golfbanen
I motsetnad til mange idrettar som har opplevd nedgang i medlemstal under pandemien, er det full fart på Norsjø Golfpark. Golfklubben har auka medlemstalet.
I ein artikkel i Norsk Idrettsindeks, skrive av Bård Kleppe og Kristin P. Miland ved Telemarksforsking i Midt-Telemark, blir det peika på at ein kanskje kunne tenkje seg at koronatiltaka har gått verst utover dei idrettane som krev kontakt, til dømes kampsport, handball og fotball, mens idrettar som ikkje gjer det i like stor grad, som til dømes sykling, orientering og friluftsliv, kanskje har fått oppgang.