IDYLL: Gunhild Ripegutu ved det idylliske området dei kallar Kolahuset. Dette er næraste nabo til Ripegutu, og her var det travle tider i gamle dagar. I dag er plassen eit rekreasjonsområde ved Sauarelva.
Tom Arnesen
Gunhild har alltid vore engasjert: – Alle kan gjere noko, men ingen kan gjere alt
Ho har jobba 40 år som lærar og hatt eit samfunnsengasjement som har strekt seg langt.
– Eg har vondt for å seie nei. Viss det er slik fatt med ein, får ein fort noko å gjere på fritida, seier ein kjent bidragsytar for lokalsamfunnet i Midt-Telemark.