STOR OVERRASKING: Først blei Hallgeir særs overraska og blank i augo, så kom det store smilet då ordførar Siri Blichfeldt Dyrland overrakte blomar.
Unna Buverud
Hallgeir blei overraska på jobb: – Tusen hjarteleg takk. Eg blei litt blank i augo no
Etter 44 år i bransjen, er Hallgeir Fossheim på veg ut av rørleggjarfirmaet Haugestøl i Bø. – Eg sluttar den dagen eg fyller 67, men håper eg fortsatt får nokre telefonar, seier han.
Hallgeir Fossheim starta ved ein tilfeldigheit i rørleggjaryrket i oktober 1979. Eigentleg var han utdanna kokk. Men han budde hos Olav Haugestøl, og da han trong litt hjelp i firmaet, tro Hallgeir til.