Handelsvekst på ti millionar
Bøsenteret har ein omsettingsauke på ti millionar kroner i 2019. I februar blir det dessutan to nyopningar på kjøpesenteret.
Bøsenteret kan som del av årsoppsummeringa vise til ein positiv vekst i 2019. Den totale omsettinga i butikkane auka med 3,8 prosent i høve året før. Det betyr ei omsetting på 268 millionar i 2019, mot 258 millionar kroner året før.