NYTT HYTTEFELT: Ovanfor Østerlikollen er arbeidet i gang med bygging på fleire tomter. Ein komande hytteeigar har klaga på grunnarbeid som skjer på naboeigedomar. Bildet viser eit kart over hyttefelt og ei av dei første hyttene som er under oppføring i feltet Håråldskar.
Øystein Akselberg
Har fått klager – nå blir det kopla inn advokat i nytt hyttefelt på Lifjell
Det har kome klager på at hytter i det nye hyttefeltet ved Østerlikollen blir bygd med fleire meter høge fyllingar og ikkje blir tilpassa til terrenget slik reguleringsplanen krev. No blir kommunen bedt om å reagere.
Ein av dei nye hyttetomteigarane i det nye hyttefeltet, Lifjell hyttegrend, ved Håråldskar og Østerlikollen på Lifjell, har søkt juridisk bistand i advokatfirma Buttingsrud.