KLARE: Lars Magnus Kvan Haugen, Ingrid Marie Stærk og Tuva Espedalen er klare for å reise til Asia.
Sunniva Langås-Røiland
Har fått sju stikk i armen – no er dei klare for å reise til andre sida av kloden
Etter fleire diskusjonar fekk dei løyve frå foreldra. 24. juli reiser Tuva (16), Ingrid Marie (15) og Lars Magnus (15) til Asia på speidarleir.
Verdsspeidarleiren blir arrangert kvart fjerde år ulike stadar i verda, og i år er den i Sør-Korea. Tre midt-telemarkingar er med: Tuva Espedalen, Ingrid Marie Stærk og Lars Magnus Kvan Haugen.