STØTTE TIL TALENTHUSET: Folkehelserådgjevar og prosjektleiar Inger Elisabeth Borge i fylkeskommunen (t.v.) og rettleiar Helen Løvskeid Skaret ved Oppfølgingstenesta/NAV Midt-Telemark.
Øystein Akselberg
Har hjelpt over 100 elevar tilbake til skulen. Nå skal dei hjelpe enda fleire
NAV har gode resultat med å få unge til å bli på skulen. No får NAV friske pengar frå fylkeskommunen til å hjelpe enda fleire.
NAV i Midt-Telemark har bak seg eit tre-årig prosjekt finansiert av Statsforvaltaren. Gjennom ordningane med «Back to school» og «Stay at school» har dei jobba med å følgje opp unge som enten står i fare for å falle ut av skulen, eller å hjelpe unge tilbake til skulebenken eller til eksamen som privatistar.