D
Har ikkje brukt opp straumstøtte – tek pengar tilbake
I fjor var det dramatisk høge straumprisar og kommunen sette av kraftutbytte til støtte til næringslivet, men potten vart ikkje brukt opp.
I fjor var det stor uro hjå bedriftene i kommunen med tanke på kva straumprisane kunne bli i løpet av vinteren. Ifølgje ei spørjeundersøking som Midt-Telemark og Nome Næringsutvikling (MTNU) gjennomførte sist haust var det fleire bedrifter som la investeringsplanar på is og frykta at dei måtte permittere tilsette. Det var også mange som vurderte enøk-tiltak.