Har jobba på spreng: Nå opnar dei vegen igjen
Etter storflaumen i juli er Eikavegen no oppgradert med ny gangveg på begge sider av brua over elva Juvsåa. Kommunen lovar vegopning i løpet av fredag ettermiddag.
Eikavegen ved Folkestad skule har vore stengt sidan styrtregnflaumen måndag 22. juli. Fleire meter av vegen blei vaska bort av elva som tok ei ny retning like ved brua.