INTERNASJONALT: Eit knippe tilsette på hotellet. F.v.: Dovile Staneviciute (Litauen), Viktoriia Mirosnychenko (Ukraina), Gabriela Voinea (Romania), Faustina Medina (Noreg), Irina Ragatckina (Russland), Lacramioara Craciunescu (Romania), Liubov Badtretdinova (Ukraina), Rojita Maharjan (Nepal), Georgiana Ivanovici (Romania), Theodora Carvallo (Hellas), Bokamoso Poentle Galeimelwe (Botswana) og Leilat Iddris Munkaila (Ghana).
Øystein Akselberg
Har tilsette frå 18 ulike nasjonar
Ved Bø hotell jobbar det folk frå i alt 18 nasjonar. No er arbeidsplassen lønna med nominasjon til Mangfoldprisen.
Bø
hotell fekk nyleg brev frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) om at
bedrifta er nominert til den høgthengande Mangfoldprisen. Dette er statens
utmerking for ekstra god bruk av innvandrarars kompetanse i arbeidslivet.