NY FRAMSYNING: Unge aktørar frå Telemark og Agder saman med instruktørane Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Even Ellegaard Westeng og Lars-Ingar Meyer Fjeld.
Gro B. Røiland
Har urpremiere i sommar: Målet er Riksscenen i Oslo
Margit Hjukse og Liti-Kjersti var lette offer, men kva skjer når tøffe Halling Jårån blir bergteken av Bergekongen? Det er litt av historia i framsyninga som har urpremiere på Telemarkfestivalen.
Om lag 20 unge dansarar, kvedarar og fele- og munnharpespelarar frå to fylke er med i det som skal bli ei heilt ny sceneframsyning med spel, dans og kveding. Sist helg var dei samla til øving på «Bergekongen», som har urpremiere i Bø på Telemarkfestivalen. Deretter skal framsyninga ut på miniturne, med visning i Setesdal og Seljord. Målet er også å få sett den opp på Riksscenen i Oslo.