Helse- og velferdsutvalet er uroleg for Lifjell-plan: Vil ha analyse
Utval for helse og velferd er uroleg for at eit hyttefelt er plassert over skiløypa frå Solskinnsdalen og vil ha ros-analyse.
Tysdag stod høyring av kommunedelplan for Lifjell på sakskartet til utval for helse og velferd. Midt-Telemark kommune har sendt ut forslag til ny kommunedelplan for Lifjell på høyring. Utval for helse og velferd er oppteken av kva for konsekvensar utbygginga kan ha for barn og om hytteutbygginga kan føre til helseutfordringar for kommunen.