SISTE DAG: – Det er synd at Aasmundsen bakeri forsvinn herfrå, seier Kasja Mindalen (t.v.) og Mari Edvardsen (t.h). Dei ynskjer Hanne Myrene lukke til vidare.
Unni Buverud
Her blir det ikkje lenger kake å få – det er synd synest Kasja og Mari
I dag stenger dørene til Aasmundsen bakeri i Bøgata. Dei tilsette flyttar ned til avdelinga på Bøsenteret. Kundane synest det er synd, for dei vil sakne dette tilbodet.
Aasmundsen bakeri etablerte seg med bakeriutsal og kafe i Bøgata 54 i 2018, og blei fort ein populær plass. Nå har bygget nye eigarar, og Aasmundsen må flytte ut.