FULL FART I PRODUKSJONEN: – Her går produksjonen som vanleg, trass auka straumprisar, seier marknadsansvarleg Torunn Irene Vala og viser fram det nye produktet, eple- og bjørnebærmost.
Unni Buverud
Her går produksjonen for fullt – sparar straum ved hjelp av èin viktig faktor
Som produsent av eplemost er Epleblomsten sårbar når prisane aukar. Men med bruk av gass til pasteurisering og varmebehandling sparar dei straumutgifter.
Hjå Epleblomsten i Sauherad går pressa for fullt, trass høge straumprisar. Dagleg leiar Martin Holtskog og marknadsansvarleg Torunn Irene Vale fortel at dei produserte 1,1 millionar liter eplemost i fjor. Dette året blir produksjonen litt mindre. Det skuldast lågare etterspurnad, med prispress på dei rimelegaste varene. Dei merker straumprisen, men seier det ikkje er noko krise.