K
Her kan det bli flyktningmottak
Det blir jobba med etablering av eit ordinært flyktningmottak på ein del av Breisås studentheim i Bø. Hero Norge AS leverte eit tilbod til UDI i går om å tilby eit ordinært butilbod til rundt 200 flyktningar i Breisås.
Hero Norge AS er eit privat føretak som driftar asylmottak og flyktningmottak i Norge, Sverige, Finland og Tyskland.