JOBBAR FOR NÆRMILJØET: Stein Inge Grimsrud lovar nye ting i hovudgata.
Øystein Akselberg
Her kjem det 30 nye tre: – Det må vere noko som passar inn i bygda
Nå skal det bli enda meir hygge i Gvarv sentrum. Velforeininga har allereie mange faste aktivitetar, men det blir jobba både med treplanting i gata og ein eigen gatefest.
I samarbeid med Mesta og fylkeskommunen er det nå planar om å plante rundt 30 nye tre i Gvarvgata. Det skal ein gjere etter at dei gamle trea langs gata er fjerna.