VIL BRÅKE LITT: Onsdag kan mobilen din byrje å ule.

I dag kan det bli rabalder på mobilen din

No er det klart for ny test på mobilen. Vil du ikkje vere med er det eit par ting du kan gjere.

Publisert Sist oppdatert

Det skjer kvart halvår, og no er det klart for ny test. Det er Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB), Politiet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) og mobiloperatørane som står bak det varsla bråket på mobilen. Dei samarbeider om naudvarselet som blir sendt ut til alle mobiltelefonar dersom det oppstår ei krise.

Må vite om det fungerer

For at alle skal kunne varslast dersom ei krise oppstår, er ordninga med naudvarsel via mobil oppretta. For å vite om ting fungerer må ein teste. Naudvarslinga blir testa kvart halvår, saman med testinga av Sivilforsvarets tyfonar, som er lydhorn eller sirener som det finst om lag 1.250 av.

Testane blir normalt gjennomført andre onsdagen i januar og i juni om lag klokka 12. Dermed er det klart for ny test onsdag 8. januar. Dette opplyser DSB i ei pressemelding. Ein finn også informasjon på nettsidene til både DSB og Nødvarsel.

Lyd og vibrasjon

Når signalet kjem til mobilen vil denne vibrere og lage ein høg lyd. Der det er mange telefonar samla vil dette høyrest veldig godt. 

Aktørane bak Naudvarsel oppfordrar derfor til at ein spreier informasjonen om at testen blir gjennomført slik at folk veit kva som skjer, og at det berre er ein test.

Nødvarsel

På telefonen vil det stå at det berre er ein test når ein har motteke signalet.

Eit par ting å gjere

Vil du ikkje motta dette lydsignalet og vibrasjonen er det to ting ein kan gjere. Den eine er å sette telefonen i flymodus. Den andre er å slå den heilt av. Det hjelper ikkje å velje lydlaust eller dempa innstilling, det blir overstyrt.

I ein reell situasjon inneheld meldinga informasjon om kva som skjer og kva ein bør gjere for å beskytte seg.

Samtidig med varslinga via mobiltelefonar blir tyfonane testa ut. Signalet her er: Viktig melding – søk informasjon. 

Også testinga av tyfonane er for å gjere folk kjende med dei og for å sjekke om systemet fungerer.

Desse kan bruke Naudvarsel

Testen går til alle nyare mobilar som er kopla på 4G/5G-nettet og er i Noreg. I januar i fjor fekk 92 prosent av befolkninga meldinga på mobil. Det viser ei undersøking Ipsos har gjennomført for DSB.

Det er DSB som er den formelle eigaren av systemet og driftar Naudvarsel. I fredstid er det politiet som kan sende ut varsel og i ein krigssituasjon er det Sivilforsvaret.

Powered by Labrador CMS