STILLE KLOKKA: I helga går me tilbake til vintertid.
Ina Marlen Andersen, Canva/Justervesenet
I helga må du stille klokka, og dette må du hugse på
To gonger i året stiller me klokka, men korleis skal me hugse om me skrur tida fram eller tilbake?
Siste søndag i oktober går me offisielt tilbake til normaltid, til det som mange kallar vintertid. Årets dato for tilbakestilling av klokka er natt til søndag 29. oktober, og tidspunktet er klokka 03.00. Da stiller me klokka tilbake ein time.