VIL SKAPE BEGEISTRING: Kunstnaren Anne Valen Næss mellom gallerieigarane Kari Nyhuus Holtskog og Halvor Holtskog. Her viser dei fram eit av bilda på utstillinga. Det har tittelen «Bound for peace».
Arne Næss
I juni blir det ei fargesprakande oppleving hos Halvor og Kari
Galleri Nyhuus på Gvarv har hatt sommarutstilling sidan 2005. I år inviterer vertskapet til juniutstilling med ein kunstnar med lokal tilknyting.
Komande laurdag er det igjen tid for utstillingsopning i Galleri Nyhuus på Gvarv. Kari Nyhuus Holtskog og Halvor Holtskog opnar dørene for ei ny sommarutstilling, den attande i rekkja, men denne gong er heile utstillinga innanfor juni månad.