VALKAMP: Ingebjørg Nordbø og Helle Friis Knutzen under valkampen for MDG i 2019.
Øystein Akselberg
– Ingebjørg var vakker både inni og utanpå. Ho hadde ein iver og eit engasjement som overgår dei fleste
Få personar har gjort seg bemerka på så mange ulike område i lokalmiljøet som Ingebjørg Nordbø. Eldsjela og lokalpolitikaren vil bli sakna av mange.
For nokon er Ingebjørg Ørnulfsdatter Nordbø den hardtarbeidande, uredde lokalpolitikaren og varaordføraren, som våga å fronte saker som ikkje alltid var populære. For andre er ho kvinna bak landets kulaste platebutikk, vertinne på bygdas fyrste kaffibar og frivilligarbeidaren i det meste som har med kunst og kultur å gjera i heimbygda Bø.